Ingalåmi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Inga Låmi)

Ingalåmi er eit skirenn for kvinner som blir halde årleg på Lillehammer. Det har tre distansar; 5, 15 eller 30 km, alle i klassisk stil.[1]

Rennet blir halde til minne om Inga frå Varteig, mor til kong Håkon Håkonsson, som kan ha vore med på delar av ferda mellom Lillehammer og Østerdalen i januar 1206.[2] Det første rennet blei halde i 1993, og hadde 1638 påmeldte. I 2000 var det over 5000 påmeldte. I september 2013 blei arrangementet overført frå Lillehammer Skiklub til Birken AS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Birken | Ingalåmi 5 / 15 / 30 km», Birken, arkivert frå originalen 21. februar 2020, henta 21. februar 2020 
  2. «Historien om Inga», web.archive.org, 13. oktober 2013, arkivert frå originalen 13. oktober 2013, henta 21. februar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]