Lillehammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lillehammer
By
none  Lillehammer sett frå Vingnes.
Lillehammer sett frå Vingnes.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommune Lillehammer
Areal 12,67 km²
Folketal  19 733 (2015)
Folketettleik 1 557 / km²
Innbyggjarnamn lillehamring
Preposisjon Lillehammer
Wikimedia Commons: Lillehammer

Lillehammer er ein by og administrasjonssenteret i Lillehammer kommune i Oppland fylke. Byen har 19 733 innbyggjarar (2015), er sete for fylkesmannen og fylkesadministrasjonen i Oppland, og er prostesete i Sør-Gudbrandsdal prosti.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Storgata på Lillehammer.
Lillehammer kunstmuseum

Lillehammer fekk kjøpstadrettar i 1827 og bystatus i 1842. Kjøpmann Ludvig Wiese har vore rekna som grunnleggjar av byen, og det vart reist ein statue av han på Lilletorget i samband med byen sitt 100-årsjubileum. Fram til midten av 1800-talet låg busetnaden hovudsakleg i området rundt Hammer gard. Byen hadde i 1850 om lag tusen innbyggjarar, og hadde gode kommunikasjonar sør- og nordover. Legginga av hovudbanen Oslo-Eidsvoll i 1852 baserte seg på vidare samband med dampskip langs Mjøsa til Lillehammer, og nylagt veg vidare oppover Gudbrandsdalen. Dette transportsystemet gjorde transitt av tømmer[1] og jordbruksvarer til hovudstaden mogleg, og bidrog til at byen voks fram.

Olympiske og paralympiske vinterleikar[endre | endre wikiteksten]

Lillehammer var i 1994 vertsby for dei 17. olympiske vinterleikane; vinter-OL 1994. Samstundes var vinter-PL 1994 arrangert i byen. I den samanhengen vart det bygd nye idrettsanlegg, og eksisterande kulturbygg og vegar fekk ei opprusting. I 2016 var Lillehammer på nytt vertsby for OL etter at han 7. desember 2011 var valt ut som vertsby for vinter-OL for ungdom 2016.

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

I Norden[endre | endre wikiteksten]

I andre land[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bayard Taylor, En reise i Norge i 1857, New York/London 1857, Frifant Forlag 2009, side 19.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.