Inishmurray

Koordinatar: 54°26′N 8°40′W / 54.433°N 8.667°W / 54.433; -8.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inishmurray
Geografi
Inishmurray is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 54°26′N 8°40′W / 54.433°N 8.667°W / 54.433; -8.667

Areal 0,9 km²

Administrasjon
Land Republikken Irland
Grevskap Sligo

Demografi
Folketal 0

Inishmurray (òg kalla Inismurray, 'Øya til Muiredach') er ei øy om lag 7 km utanfor kysten av County Sligo i Republikken Irland. Ho har eit areal på 0,9 km². På øya ligg det ruinar av eit tidleg irsk kloster. St. Molaise grunnla klosteret her på 500-talet. Klosterbusetnaden vart plyndra to gonger av vikingar, først i 795, som òg er det første dokumenterte åtaket av vikingar på Irland, og seinare i 807. Same året vart Rathlin Island og Inisbofin åtaka, mogelegens av dei same vikingane.

Yttermuren er imponerande med ei høgd på 4,5 meter på det høgaste og ein tjukkleik på opp til 3 meter. Det er i tillegg fleire bygg tilknytte klosteret, som eit bedekammer med steintak, to kyrkjer, ein clochan, ei stor sekskanta celle og andre ruinar. Heile komplekset er bygd av lokal kalkstein.

Innbyggjartalet var i 1880-åra på det høgaste med like over 100 innbyggjarar, men dei siste flytta til fastlandet i november 1948. Nokre bygningar står framleis att, inkludert 15 hus og den einaste skulen på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]