Innbyggjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Innbyggjar er nemninga på ein person som har særleg tilknyting til eit nærare avgrensa landområde, som til dømes ein nasjonalstat, eit fylke, ein by, ei bygd, grend og liknande, på ein slik måte at dette vert rekna som som heimstaden eller heimlandet til vedkomande. Talet på innbyggjarar i eit område, innbyggjartalet eller folketalet, vert nytta i mange slags statistikkar, og er viktige for ymse nasjonale og internasjonale samanlikningar og ulike typar samfunnsplanlegging.