Fleirstavingsrim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Innrim)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fleirstavingsrim (eller multies i hiphop-sjargong) er enderim som går over fleire stavingar. Ein rimar då anten på fleire ord av gongen, eller på særleg lange ord; eventuelt begge delar. Som verkemiddel er det mest vanleg i raptekstar, og då særleg mellom dei som stilistisk høyrer til austkystrappen. Sporadiske førekomstar av fenomenet dukkar òg opp i dikt av m.a. Petter Dass, Arne Garborg og Tore Ørjasæter.

Fleirstavingsrim i hiphop[endre | endre wikiteksten]

Uttrykksforma rap har utvikla seg mykje i laupet av dei relativt få åra ho har eksistert. Gjennom 1990-talet vart rappinga stadig meir komplisert, og fleirstavingsrimet dukka gradvis opp i hiphopmiljø på austkysten av USA fram mot midten av tiåret. Folk som Common Sense (som seinare forkorta namnet sitt til berre Common) og ikkje minst Nas var tidlege ute til å eksperimentera med det; Nas sa m.a. ”Now wait, another dose and you might be dead/ And I'm a Nike head, I wear chains that excite the feds” på låten “Halftime” allereie i 1992.

Den viktigaste arkitekten bak fleirstavingsrimet som me kjenner det i dagens hiphop, var likevel Bronx-rapparen Big Pun (1971-2000), som baserte heile stilen sin på tekster med lange rim framført med ein energisk stil som til slutt vart for intens for lungene hans og på sikt var med på å gje han slag. Allereie då han platedebuterte i 1996, med eit gjestevers på Fat Joe sin b-side-låt ”Firewater”, stabla han setningar på ein måte få av dagens rapparar klarar å gjera han etter.

Fleirstavingsrim som teknikk spreidde seg sakte men sikkert, og fenomenet eksploderte då Brooklyn-rapparen Fabolous slapp debutalbumet sitt «Ghetto Fabolous» i 2001. Fabolous sin måte å rappa på var særs avslappa, og på den måten radikalt annleis frå Big Pun sin, men dei hadde til felles evna til å rima lange ord og heile setningsledd. På grunn av den kommersielle suksessen vart Fabolous ein trendsetjar i større grad enn Pun hadde vore. Eminem sin flittige bruk av fleirstavingsrimet hadde òg innverknad på populariteten. I dag er rimteknikken meir eller mindre obligatorisk for rapparar som vil slå gjennom på austkysten (med visse unntak, m.a. 50 Cent). I sørstatane og på vestkysten har det framleis ikkje teke heilt av, sjølv om leiarfigurar som Outkast, Bun B frå UGK og T.I har leikt seg med det, tidvis med særs gode resultat.

I norskspråkleg rap vart fleirstavingsrimet introdusert då veteranane i Gatas Parlament slapp låten ”Nesevise” på CD-singelen "Naturkraft i 1997. Heilt gjennomført vart ikkje fleirstavingsrimstilen her til lands før den makabre Malviksrapparen Bad Spit slapp vinyl-EPen ”Sure oppstøt” året etter. Bad Spit er framleis ein av dei mest gjennomførte fleirstavingsrimrapparane her i landet, men multirimet har vorte ein vanleg kunst blant norske rapparar generelt, mykje på grunn av Jaa9 og Onkl P sin suksess.

Fleirstavingsrim i norsk litteratur[endre | endre wikiteksten]

Petter Dass

Fleirstavingsrim som kunstart har aldri slått heilt an i norsk versekunst utanom i hiphopsamanheng. Det har likevel vore langt frå heilt fråverande, då det går an å finna spreidde førekomstar i mange ulike litteratursjangrar og i eit tidsspenn som går frå 1600-talet til i dag. Mellom diktarane som har brukt det kan nemnast m.a. Petter Dass, Arne Garborg, Tore Ørjasæter og Olav Aukrust.

Døme på fleirstavingsrim[endre | endre wikiteksten]

"Herregud, ditt dyre Navn og Ære
Over verden høit i Savn maa bære
Og alle Sjæle, Og alle Træle
Og hver Geselle, De skal fortelle
Din Ære
GUd er Gud om alle Land laa øde
GUd er Gud om alle Mand var døde
Om slekter svimler, - Blant Stjernestrimler
I høie himler Utallig vrimler
GUds Grøde"
-Den anden sang, Petter Dass

Du e like langt som når du blir te stank
I et lite, trangt jævla rottebur
Æ kjæm med kulesikker vest
På en fjortis-pule-drikke-fest, pottesur
-Drap på norsk, Bad Spit

I rub your face off the Earth and curse your family children
like Amityville and drill the nerves in your cavity fillin’
In'sanity's building up pavillion in my civilian
The cannon be the anarchy that humanity's dealing
-Twinz (Deep Cover 98), Big Pun

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå diskusjonssida