Insula Mare a Brăilei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Insula Mare a Brăilei
øy
The Great Braila Island.jpg
Land Flag of Romania.svg Romania

Insula Mare a Brăilei
45° N 28° E

Insula Mare a Brăilei (tidlegare Balta Mare a Brăilei) er ei øy i Donau i Brăila fylke i Romania. Ho er om lag 60 km lang og 20 km brei. Dei to elvegreinene som skil øya frå fastlandet heiter Măcin og Cremenea.

I dag er eit areal på 681,3 km² (94,6 % av arealet til øya) dekt av dyrka mark, der 70,84 km² er kunstig vatna og verna av eit 23,5 km langt dike. På øya er det to kommunar, Frecăței og Mărașu, som har om lag 5000 innbyggjarar.

Øya var tidlegare dekt av myrområde før kommunistregimet i Romania nytta tvangsarbeid og politiske fangar til å byggje dika og omforme øya til eit jordbruksområde. Det var fem «arbeidsleirar» ved Grădina, Lunca, Salcia, Stoienești og Strâmba Veche. Terrenget viste seg å vere dyrkbart og prosjektet vart erklært «ein suksess for kommunismen i Romania».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]