Interkommunalt arkiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Interkommunale arkiv er sjølvstendige organisasjonar som arbeider med arkivrådgjeving og andre arkivfaglege tenester for eigarane. Namna vert ofte forkorta IKA, fylgt av namnet på fylket eller området organisasjonen dekkjer, til dømes IKA Rogaland, IKA Opplandene (Fylkesarkivet i Oppland). Eit IKA kan dekkje eitt eller fleire fylke, og sett bort frå Akershus finst det interkommunale arkiv som dekkjer alle fylka i Noreg.

Eit IKA har som regel to hovudoppgåver: rådgjeving og depotoppgåver. Rådgjevingsrolla består i arkiv planlegging, opplæring og rettleiing i arkivsystem og arkivrutinar og hjelpe til med anna arkivarbeid, i samsvar med arkivlova med forskrift. Depotoppgåva inneber å ta vare på og tryggja kommunalt arkivmateriale og sørgje for at det vert tilgjengeleg for ettertida, jamfør føremålsparagrafen i arkivlova.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lov om arkiv - besøkt 23.11.2012