Intervjuguide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein intervjuguide, eller intervjugaid, kan karakteriserast som eit manuskript som legg ein plan for korleis ein skal utføra eit intervju meir eller mindre strukturert. Han kan anten innehalda nokre tema som skal dekkast (semi-strukturert), eller han kan innehalda ei detaljert rekkje av grannsam formulerte spurdagar (strukturert). Ein intervjuguide vert som regel brukt i samband med kvalitativ forsking.

Ved utforminga av ein intervjuguide vert det ofte fokusert på:

  1. temaet for undersøkinga,
  2. føremålet med intervjuet,
  3. korleis det skal gjennomførast og handsamast i etterkant.

Semi-strukturert[endre | endre wikiteksten]

I ein semi-strukturert intervjuguide er temaa som vert dekte i all hovudsak fastlagt på førehand. Rekkjefylgja vert likevel bestemd undervegs.[1] Dette gjer at intervju kan fylgja forteljinga til intervjuobjektet og samstundes få informasjon om fastlagde tema. Denne fleksibiliteten gjer at spurdagane kan knytast opp mot føresetnadene til intervjuobjektet og gjev samstundes rom for at det kan takast opp tema som ikkje er planlagde på førehand.[2] Spurdagane er som regel ikkje klårt formulert, men skrive ned i stikkordform eller skildringar som intervju bruker som utgangspunkt for å stilla spurdagane. Dess meir spontane intervjuet er, dess større er sannsynet for å få spontane, levande og uventa svar – naturlege svar frå dei ein intervjuar. Det er viktig for forskaren/intervjuaren å vera merksam på at samtalen ikkje tek ei retning som er irrelevant for prosjektet, og at ein unngår å stilla vande og leiande (vinkla) spurdagar.

Strukturert[endre | endre wikiteksten]

I ein strukturert intervjuguide er spurdagane, og rekkjefylgja på spurdagane klårt formulert på førehand. Det sikrar informasjon som er lett å reprodusera (høg reliabilitet) og det gjev gode moglegheiter for å samanlikna svara med dei andre som ein har intervjua.

Formulering av spurdagar[endre | endre wikiteksten]

Ei velkjend utfordring når ein lagar ein intervjuguide er at spurdagane vert for abstrakte, generelle, eller at dei vert for leiande.[3] Spurdagane i intervjuguiden bør difor utformast med tanke på dei som skal svara på dei og vera korte, enkle og presise, i tillegg til å vera nøytrale. Spurdagar i intervju har ofte ein deskriptiv form med beståande av kva, kvifor og korleis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kvale, S. & Brinkmann, S. (2009). Det kvalitative forskningsintervju (2. utg utg.). Oslo: Gyldendal akademisk. ISBN 9788205385290. OCLC 768475683. 
  2. Postholm, M. B. (2010). Kvalitativ metode : en innføring med fokus på fenomenologi, etnografi og kasusstudier (2. utgave utg.). Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 9788215016948. OCLC 760907077. 
  3. Thagaard, T. (1998). Systematikk og innlevelse : en innføring i kvalitativ analyse. Bergen: Fagbokforlaget. ISBN 8276742785. OCLC 768359052.