Ionisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ioniseringsenergiane til nøytrale grunnstoff.

Ionisering er den fysiske prosessen som skjer når eit atom eller eit molekyl vert omdanna til eit ion ved at ein legg till eller fjernar partiklar som elektron eller andre ion. Dette vert ofte forveksla med dissosiasjon i kjemi.

Prosessen er noko forskjellig etter om det er eit ion med positiv eller negativ lading som vert produsert. Eit positivt ladd ion vert produsert når eit elektron bunde til eit atom (eller eit molekyl) absorberer nok energi til at det kan kome seg bort frå den elektriske potensial-sperra som opphavleg heldt det fastbunde til atomet (eller molekylet). Energimengda som må til vert kalla ioniseringspotensialet. Eit negativt ladd ion vert produsert når eit fritt elektron kolliderer med eit atom og slik vert fanga i den elektriske potensiall-sperra og dermed frigjev energien det har til overs.

Generelt kan ein dele ionisering inn i to typar: sekvensiell ionisering og ikkje-sekvensiell ionisering. I klassisk fysikk finst berre sekvensiell ionisering. Ikkje-sekvensiell ionisering bryt fleire av lovene i klassisk fysikk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]