Iraqw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iraqw
Klassifisering Afroasiatisk
 Kusjittisk
  Sørkusjittisk
   Iraqw
Bruk
Tala i  Tanzania
Språkkodar
ISO 639-3 irk

Iraqw er eit kusjittisk språk som blir snakka i dei tanzanianske regionane Arusha og Manyara. I følgje Ethnologue sine tal frå 2001 blir iraqw snakka av 462 000 personar, og talet er aukande på grunn av at iraqwfolket er ope for andre folkegrupper.[1] Språket har mange lånord frå datooga, spesielt i poetisk språk. Språket gorowa, som blir snakka sør for iraqw, deler mange karakteristikkar med iraqw, og vert av og til rekna som ein dialekt av iraqw.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Maarten, Mous. 1993. A grammar of Iraqw. Hamburg: Buske.
  • Mous, Maarten, Martha Qorro, Roland Kießling. 2002. Iraqw-English Dictionary. With an English and a Thesaurus Index. Cushitic Language Studies Volume 18.