Irene Papas
Irene Papas | |
![]() i The Trojan Women (1971) | |
Fødd | 3. september 1929 |
---|---|
Fødestad | Khiliomodi i Korinth i Hellas |
Død | 14. september 2022 (93 år) |
Dødsstad | Khiliomódi |
Fødenamn | Ειρήνη Λελέκου |
Aktive år | 1948–2003 |
Verka som | skodespelar, songar |
Ektefelle | Alkis Papas |
Sambuar | Marlon Brando |
Prisar | National Board of Review Award for Best Actress, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, kommandør av Føniksordenen, kommandør av Alfons X den klokes orden, æresdoktor ved Tor Vergata Universitet |
Irene Papas (3. september 1929 som Irini Lelekou–14. september 2022) var ein gresk skodespelar og stundom songar. Ho spelte i over 70 filmar i ein karriere som varte meir enn femti år.
Papas byrja den tidlege karrieren hennar i Hellas, oppdaga av Elia Kazan, og vart kjend i heimlandet, før ho spelte i internasjonale filmar som Kanonene ved Navarone og Zorba, og kritikarroste filmar som Z og Electra. Ho har fleire gonger spelt kvinner frå tragdiar frå antikken, som Helena i The Trojan Women, Clytemnestra i Iphigenia, Electra og Antigone. Ho spelte rolla som Katarina av Aragon i filmen Anne of the Thousand Days, i lag med Richard Burton og Geneviève Bujold i 1969. I The Trojan Women spelte ho mot Katharine Hepburn.
I 1976 spelte ho i filmen Mohammad, Messenger of God (òg berre kjend som The Message) om opphavet til islam og meldinga til Mohammed. Ein av dei siste filmane ho spelte i var Captain Corelli's Mandolin. Ho arbeider i dag i teateret i Portugal.
I 1978 samarbeidde Papas med Vangelis i ei elektronisk utgåve av åtte greske folkeviser, gjeve ut på ei plate kalla Odes. Dei samarbeidde igjen i 1986 med Rhapsodies, ei elektronisk utgåve av sju bysantinske salmer. Ho har òg gjeve ut albumet Songs of Theodorakis i 1969, alle sunge på gresk. I 1970 gjesta ho på albumet 666 av den greske rockegruppa Aphrodite's Child på sporet «∞» (uendeleg). Ho roper «I was, I am, I am to come» om att og om att. Sporet vart rekna for utuktig av plateselskapet og førte til at albumet vart halde attende i to år før det endeleg kom ut i 1972. Sporet skapte furore i Hellas.
Utvald filmografi[endre | endre wikiteksten]
- Dead City (1951)
- The Man from Cairo (1953)
- Le infedeli (1953)
- Theodora, Slave Empress (1954)
- Attila (1954)
- Tribute to a Bad Man (1956)
- Climax! (1958)
- Bouboulina (1959)
- The Guns of Navarone (1961)
- Antigone (1961)
- Electra (1962)
- The Moon-Spinners (1964)
- Zorba the Greek (1964)
- We Still Kill the Old Way (1967)
- L'Odissea (1968)
- The Brotherhood (1968)
- Z (1969)
- A Dream of Kings (1969)
- Anne of the Thousand Days (1969)
- The Trojan Women (1971)
- Roma Bene (1971)
- 1931: Once Upon a Time in New York (1972)
- Don't Torture a Duckling (1972)
- The Battle of Sutjeska (1973)
- Moses the Lawgiver (1974)
- I'll Take Her Like a Father (1974)
- Mohammad, Messenger of God (1976)
- Blood Wedding (1977)
- Iphigenia (1977)
- Christ Stopped at Eboli (1979)
- Bloodline (1979)
- Lion of the Desert (1981)
- Eréndira (1983)
- Into the Night (1985)
- Chronicle of a Death Foretold (1987)
- High Season (1987)
- Nirvana Street Murder (1990)
- Jacob (1994)
- The Odyssey (1997)
- Anxiety (1998)
- Captain Corelli's Mandolin (2001)
- A Talking Picture (2003)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Irene Papas» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2014.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Irene Papas ved The Internet Movie Database (IMDb)