Isielva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isielva nedenfor Kølabrua. I bakgrunnen skimtar ein Kolsåstoppen.

Isielva renn gjennom Djupedalen i Hole og Kjaglidalen i Bærum. Ved Vøyenenga går ho saman med Lomma og vert til Sandvikselva som renn ut i Oslofjorden ved Sandvika. Desse elvane høyrer til Sandviksvassdraget. Nedre del av Isielva er lakseførande.

Isielva har eit rett elveløp med jamt fall ned til nedre del, der ho kjem over i ei tidlegare elveslette på Vøyenenga. Elva får tilsig frå Stovibekken som er lagt i røyr i nedre del. Nedbørsfeltet er prega av jordbruksområde med noko lauvskog. I nedre del er det i dag industriområde, og elveløpet er der endra til eot relativt rett elveløp og nokre meanderar er vorte fjerna. Langs Isielva går E16.