Isilkul
Utsjånad
Isilkul | |||
Исилькуль | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Omsk oblast | ||
Høgd | 125 m | ||
Areal | 139 km² | ||
Folketal | 13 600 (1939) | ||
Grunnlagd | 1895 | ||
• Bystatus | 1945 | ||
Postnummer | 646020, 646020-646025 | ||
Retningsnummer | +7 38173 | ||
Bilnummer | 55 | ||
![]() Isilkul 54°54′32″N 71°15′38″E / 54.908888888889°N 71.260555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Isilkul |
Isilkul (russisk Исильку́ль) er ein by i Omsk oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg 130 km vest for Omsk.
Namnet «Isilkul» kjem frå kasakhisk og mogelege tydingar er «forheksa sjø» eller «roten sjø»
Historie
[endre | endre wikiteksten]Isilkul vart grunnlagd i 1895 og fekk byrettar i 1945. I området rundt Isilkul finst mange busetnader av russiske mennonittar, som på byrjinga av 1900-talet vandra hit frå dagens Ukraina. Deira daglege språk er «plautdietsch», ein nederprøyssisk dialekt som er bevart til i dag.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Økonomien og næringslivet i byen baserer seg i hovudsak på næringsmiddelindustri. Isilkul er eit trafikknutepunkt på den sørlege greina av den transsibirske jernbanen mellom den vestsibirske jernbanen og Sverdlovskbanen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Isilkul» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |