Ismaïl Omar Guelleh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ismaïl Omar Guelleh

Fødd27. november 1947 (76 år)
Dire Dawa
Statsborgar avFrankrike, Djibouti
Yrkepolitikar
EktefelleKadra Mahamoud Haid
Alle verv
  • Djiboutis president (1999–) Sjå dette på Wikidata

Ismaïl Omar Guelleh (fødd 27. november 1947 i Dire Dawa i Etiopia) er president i Djibouti. Han vart president etter onkelen sin, Hassan Gouled Aptidon, som var president fram til 1999.

På slutten av 1960-talet flytta Guelleh til Djibouti frå Etiopia før han fullførte vidaregåande skule. Han vart seinare med i politiet og vart utnemnd til underoffiser. Etter at Djibouti vart eit sjølvstendig land, vart Guelleh leiar for det løynlege politiet og sjef for regjeringa i regjeringa til onkelen sin, dåverande president Hassan Gouled Aptidon.

Han fekk opplæring frå Somali National Security Service og deretter frå den franske Secret Service før han vart vald som etterfølgjaren til onkelen sin til president-embedet i 1999.

Ved presidentvalet 8. april 2005 vart Guelleh attvald for ein ny 6-års-periode. Han var då den einaste kandidaten og fekk 100% av røystene. Han vart òg attvald 8. april 2011, men opposisjonen boikotta då valet slik at Guelleh berre hadde ein lite kjend motkandidat (Mohamed Warsama Ragueh). Guelleh fekk 80,6% av stemmane.

Guelleh vert ofte berre omtalt ved initialane sine 'IOG'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]