Isola Sacra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Isola Sacra («Den heilage øya») er ei øy i Tiber i regionen Lazio i Italia, sør for Roma.

Området mellom Portus og Ostia Antica vart omforma til ei kunstig øy av keisar Trajan, som danna ein kanal som knytte Tiber til sjøen (Fossa Traiana, i dag Fiumicinokanalen). Handelsskip frå Egypt og Afrika kunne då nå Ostia ved hjelp av kanalen. Øya var opphavleg mykje mindre, men på grunn av konstant avleiring frå Tiber veks ho gradvis. Arealet til øya har vorte femdobla sidan antikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°45′N 12°15′E