Ivy Compton-Burnett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivy Compton-Burnett
Fødd 5. juni 1884
London
Død

27. august 1969
London

Yrke skribent, romanforfattar

Ivy Compton-Burnett, DBE (5. juni 188427. august 1969) var ein engelsk forfattar. Ho er kjend for romanane sine, som ho opphavleg gav ut under namnet I. Compton-Burnett. I 1955 vann ho James Tait Black Memorial Prize for romanen Mother and Son. Ei anna omtykt bok av henne er Manservant and Maidservant (1947). Verka hennar tek hovudsakleg for seg livet i seinviktoriansk og edvardiansk overklasse.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ivy Compton-Burnett vart fødd i Pinner i Middlesex den 5. juni 1884. Ho var den sjuande av dei tolv barna til James Compton-Burnett, ein kjend homøopat, og den andre kona hans Katharine (1855–1911), fødd Rees.[1] Ho var syskenbarn av Margery Blackie, som også var homøopat.

Ivy voks opp i Hove og London. Ho blei utdanna heime saman med to brør fram til ho var 14. Ho var elev ved Addiscombe College i Hove frå 1898 til 1901. Deretter gjekk ho på kostskulen Howard College i Bedford, i to terminar frå 1901 til 1902, før ho tok ein universitetsgrad i antikken. Etter å ha gått ut frå universitetet vende ho heim att og underviste fire yngre systrer.[2]

Mor til Ivy skal ha send alle stebarna sine vekk til kostskular så snart hokunne. Fire av systrene til Ivy drog vekk frå heimen i 1915 og flytta til London, der dei budde hjå pianisten Myra Hess. Etter at mora døydde styrte Ivy over den høvesvis store familieformuen med suksess.[2]

I den korte biografien på Penguin Books-utgåvene av bøkene sine skreiv Compton-Burnett om seg sjølv:

I have had such an uneventful life that there is little information to give. I was educated with my brothers in the country as a child, and later went to Holloway College, and took a degree in Classics. I lived with my family when I was quite young but for most of my life have had my own flat in London. I see a good deal of a good many friends, not all of them writing people. And there is really no more to say.

Avsnittet utelèt fakta som at yngdlingsbroren hennar Guy døydde av lungebetennelse; ein annan, Noel, blei drepen i slaget ved Somme i 1916, medan dei to yngste systrene hennar, Stephanie Primrose og Catharine (kjend som «Baby» og «Topsy»), døydde i ei sjølvmordspakt ved å ta veronal i det låste soverommet sitt på første juledag 1917. Ingen av dei tolv syskena hadde eigne barn, og alle dei åtte jentene blei verande ugifte.[3]

Compton-Burnett var mykje av livet sitt ven og sambuar med Margaret Jourdain (1876–1951), ein autoritet og forfattar om dekorativ kunst og møbelhistorie. Dei budde saman i leilegheiten hennar i Kensington frå 1919. Dei første ti åra verker Compton-Burnett å ha halde seg i bakgrunn, alltid strengt kledd i svart. Då Pastors and Masters kom ut i 1925 sa Jourdain at ho ikkje hadde visst at venen hennar skreiv på ein roman..[2]

Ivy Compton-Burnett var ikkje religiøs, ho var derimot ein «fierce Victorian atheist».[4] Ho døydde heime i Kensington den 27. august 1969 og blei kremert ved Putney Vale Crematorium.[2]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå Dolores (1911), ein tradisjonell roman som ho seinare forkasta som noko «ein skreiv som ei jente»,[a] tek verka til Compton-Burnett for seg huslege hendingar i større hushaldningar, stort sett frå edvardiansk tid. Menneskelege veikskapar og griller går att i verka, og kvar familie ho skildrer er dysfunksjonell på eit eller anna vis. Foreldre kan kjempa mot barn, eller rivalisering mellom sysken kan enda i vondskapsfull, men skjult, maktkamp.[5]

Frå og med Pastors and Masters (1925) utvikla Compton-Burnett ein svært individualistisk stil som nytter mykje formell dialog (i kontrast til dei ofte melodramatiske plotta)[5] som krev stadig merksemd frå lesaren. I nokre av verka hennar blir viktig informasjon såvidt nemnd i ein halvsetning. Teiknbruken hennar er medviten enkel - ho bruker ikkje kolon, semikolon, utropsteikn eller kursiv tekst. Resultatet er ei klaustrofobisk verd som er dominert av den psykologiske utforskinga av matkmisbruk og forfølging på småskalanivå.[6]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Compton-Burnett blei utnemnd til Dame Commander of the Order of the British Empire (DBE) i 1967.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Dolores (1911)
  • Pastors and Masters (1925)
  • Brothers and Sisters (1929)
  • Men and Wives (1931)
  • More Women Than Men (1933)
  • A House and Its Head (1935)
  • Daughters and Sons (1937)
  • A Family and a Fortune (1939)
  • Parents and Children (1941)
  • Elders and Betters (1944)
  • Manservant and Maidservant (1947)[b]
  • Two Worlds and Their Ways (1949)
  • Darkness and Day (1951)
  • The Present and the Past (1953)
  • Mother and Son (1955)
  • A Father and His Fate (1957)
  • A Heritage and Its History (1959)
  • The Mighty and Their Fall (1961)
  • A God and His Gifts (1963)
  • The Last and the First (posthumt, 1971)

Verka hennar er blitt omsette til fransk, italiensk, spansk og andre språk.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. one wrote as a girl
  2. Gjeven ut i USA som Bullivant and the Lambs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rowland Rees, Mayor of Dover profile, doverlife.co.uk; accessed 7 April 2016.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Patrick Lyons, "Burnett, Dame Ivy Compton- (1884–1969)", ODNB entry. Retrieved 9 July 2014.
  3. Janik, Viki K. Modern British Women Writers: an A-to-Z guide. ISBN 978-0-313-31030-0
  4. A.N. Wilson (25. februar 2008), As if by magic, Spurling's young Ivy appears, http://www.telegraph.co.uk/comment/columnists/anwilson/3555429/As-if-by-magic-Spurlings-young-Ivy-appears.html, henta 18. februar 2017 
  5. 5,0 5,1 D. Daiches ed., The Penguin Companion to Literature 1 (1971) p. 114
  6. I. Ousby red., The Cambridge Guide to Literature in English (1993), s. 197

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Ivy Compton-Burnett
Vidare lesing
  • Hilary Spurling: Ivy: The Life of I. Compton-Burnett (1995). Combines two volumes originally published separately in 1974 and 1984 (ISBN 978-1860660269).
  • Cicely Greig: Ivy Compton-Burnett: a memoir. London: Garnstone Press, 1972. ISBN 0-85511-060-0
  • Frederick R. Karl: "The Intimate World of Ivy Compton-Burnett", A Reader's Guide to the Contemporary English Novel (1961), 201-219.