Izvorul Muntelui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Izvorul Muntelui
innsjø
Bicaz Lake and Dam.jpg
Innsjøen og Bicazdemninga
Land Flag of Romania.svg Romania
Innsjøtype Kunstig innsjø
Tilsig Bistriţa
Utløp Bistriţa
Lengd 40 km
Areal 33 km²
Volum 1 250 millionar m³
Koordinatar 47°1′11″ N 26°3′15″ EKoordinatar: 47°1′11″ N 26°3′15″ E
Byar Bicaz, Potoci
Wikimedia Commons: Bicaz Lake

Izvorul Muntelui, òg kalla Bicazsjøen er den største[1] kunstige innsjøen i Romania og vart oppretta etter ei demning vart bygd over elva Bistriţa. Demninga ligg eit par kiloemter nord for byen Bicaz.

Demninga vart bygd mellom 1950 og 1960 og vert nytta til å produsere vasskraft ved Bicaz-Stejaru vasskraftverk. Ho har ei høgd på 127 meter og er 435 meter lang og 119 meter brei på det breiaste. Innsjøen har ei lengd på 40 km og eit areal på 33 km². Det største volumet i innsjøen er 1250 millionar m³.

Innsjøen er ein populær turistdestinasjon i området, særleg om sommaren då turistar kan ta båt frå hamna i Bicaz og ein rundtur på innsjøen med flott utsyn til fjellet Ceahlău på vestsida.

I 1960- og 1970-åra var det fast ferjesamband mellom hamna i Bicaz og landsbyar langs breidda.

Ved Potoci, eit par kilometer nord for Bicaz, er det ein biologisk forskingsstasjon utstyrt med undervassbåt. Stasjonen vart vitja av marinbiologen Jacques-Yves Cousteau i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Statistisk nasjonalinstitutt i Romania, Geografi, meteorologi og miljø, 2006