Jørn Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørn Lund
Jørn-Lund.jpg
Fødd30. januar 1946
Viborg i Danmark
NasjonalitetDanmark
Yrkespråkforskar, professor, redaktør
InstitusjonarKøbenhavns Universitet
Alma materBagsværd Kostskole og Gymnasium
MedlemDet Danske Akademi
Dansk Sprognævn
Det Norske Videnskaps-Akademi
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur
Det Danske Sprog- og Litteraturselskab

Jørn Lund (fødd 30. januar 1946 i Viborg) er ein dansk språkforskar. Han var professor i dansk språk ved Danmarks Lærerhøjskole frå 1980.[1]

Lund var direktør i Det Danske Sprog- og Litteraturselskab 2002-2011. Han vart sjefredaktør i Den Store Danske Encyklopædi i 1991–2001, og har vore direktør i det danske forlaget Gyldendal. Han har vore leiar for to språkpolitiske utval oppnemnd av kulturdepartementet.[1]

Han har vore medlem i Det Danske Akademi frå 1989, m.a. som sekretær. Han er òg medlem i Dansk Sprognævn,[1] og korresponderande medlem i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Han er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.[2]

Lund har skrive fleire bøker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Jørn Lund» (dansk). Den Store Danske. Henta 6. mars 2016. 
  2. «Gruppe 5: Filologi og språkvitenskap». Det norske vitenskapsakademi. Henta 6. mars 2016.