JAMIC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Japan Microgravity Center (JAMIC) er ein fasilitet i Kamisunagawa-cho i Hokkaido, der det tidlegare blei eksperimentert på mikrogravitasjon. Eksperimenta gjekk føre seg i ei forlaten kolmine 710 meter under bakken, noko som egna seg godt for eksperimentering på gravitasjon og vektlausheit. JAMIC sitt eksperimentelle systemet utnytta den vertikale gruvesjakta. Der slapp dei ein kapsel ned i fritt fall i ein maksimal hastigheit på 360 km/t, som er raskare enn høghastighetstoget Shinkansen. I 10 sekund kom kapselen opp i ein tilstand kalla mikrogravitasjon.

Luft på overflata går ikkje inn i plassar djupt under bakken, så temperaturen og fukta der held seg konstant. Fleire eksperimentelle fasilitetar i Japan, inkludert JAMIC, tar difor nytte av ideelle underjordiske omgjevnader.

Fasiliteten vart lagt ned i 2000, og fleire organisasjonar på øya slo seg saman for å skape nye organisasjonar som kunne oppretthalde den eksperimentelle forskinga. Resultatet blei Hokkaido Aerospace Science and Technology Incubation Center (HASTIC), med Ryojiro Akiba som president. Tross innsatsen, så lukkast ikkje HASTIC med å overta fasiliteten, men har likevel funne måtar å støtte forskinga i Hokkaido.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]