JPEG

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilete av ein europeisk villkatt med høgare komprimeringsrate, og dermed høgare biletkvalitet, mot høge.

JPEG (ofte korta ned til JPG) er eit elektronisk bileteformat utvikla av Joint Photographic Experts Group. Dette bileteformatet nyttar ein komprimeringsmetode med kvalitetstap, men til gjengjeld vert filene som oftast mykje mindre enn ved bruk av bileteformat som nyttar komprimeringsmetodar utan kvalitetstap. Dette formatet vert difor ofte brukt ved lagring av digitale fotografi, spesielt fotografi til bruk på Internett.[1]

Som følgje av komprimeringsmetoden i JPEG så er JPEG ueigna til lagring av teikningar med skarpe kantar eller linjer. For lagring av slike typar bilete bruker ein vanlegvis bileteformata PNG eller GIF, som lagrar bilete utan kvalitetstap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «HTTP Archive - Interesting Stats». httparchive.org. Henta 6. april 2016.