Jack Daugherty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jack Daugherty
Fødd13. august 1930(1930-08-13)
Død2. februar 1991 (60 år)
DødsstadCarmel i California i USA
OpphavUSA
SjangerPop, softrock
InstrumentTrompet
Tilknytte artistarThe Carpenters, Woody Herman
PlateselskapA&M Records
Verka somMusikar, plateprodusent

Jack Daugherty (13. august 19302. februar 1991) var ein musikar og produsent som er mest kjend som produsent for bandet The Carpenters.

Tidleg i karrieren spelte han trompet i bandet til Woody Herman. I 1960-åra hadde han nesten trekt seg heilt ut av musikkindustrien og arbeidde i flyselskapet North American Aviation. Han hadde framleis kontaktar innan musikkindustrien, mellom anna John Pisano, som var gitarist i bandet til Herb Alpert, The Tijuana Brass. Daugherty gav ein demokassett med Karen og Richard Carpenter til Herb Alpert via Pisano. Dette førte til at Carpenters fekk platekontrakt på selskapet til Alpert i 1969, medan Daugherty fekk ein personleg produksjonskontrakt. Han produserte innspelingane til Carpenters frå 1969 til 1972.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]