Jacobabad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 28°16′37″N 68°27′05″E
Jacobabad (جيڪب آباد)
Land Flag of Pakistan.svg Pakistan
Provins Sindh
Distrikt Jacobabad
Koordinatar 28°16′37″N 68°27′05″E
Grunnlagd 1847
Tidssone PST (UTC+5)

Jacobabad (urduskrift جیکب آباد) er ein by i den pakistanske provinsen Sind. Han er administrasjonssenter for Jacobabad distrikt og Jacobabad taluka. Byen blei grunnlagd av den britiske generalen John Jacob i 1847 ved ein eksisterande landsby. Byen ligg nær grensa til Balochistan. Jernbanelinja til Pakistan Railways og ei rekkje vegar går gjennom byen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jacobabad har varmt ørkenklima (BWh i Köppen si klimaklassifisering) med særs varme somrar og milde vintrar. Gjennomsnittstemperaturen om sommaren, oppgjeven i 1875, var 37 °C.[1] Den høgaste temperaturen ein har målt her er 52,8 °C, medan den lågaste er -3.9 °C. Området har lite nedbør, og det meste fell i monsuntida frå juli til september.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen blei grunnlagd i 1847 på staden der landsbyen Khangarh låg. General John Jacob, kommandanten av Sind Horse, grunnla byen og var opphav til namnet. Han døydde her i 1858, og er minna ved Victoria Tower sentralt i byen.

I Britisk India var Jacobabad administrasjonssenter for Upper Sind Frontier District i Bombay Presidency og ein stasjonsby for Quetta-linja til jernbaneselskapet North-Western Railway. Jacobabad er kjend for sitt historiske fesjå som blei grunnlagd av britane for å få tak i gode hestar til kavaleriet sitt

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jacobabad er i dag eit jernbaneknutepunkt på linja mellom Rohri og Quetta.

Byen har ein flyplasss som ligg på grensa mellom Sindh og Balochistan. Denne huser også ein militærflyplass, Shahbaz Air Base, som blei brukt under Operation Enduring Freedom campaign in Afghanistan og også skal ha vore brukt til droneåtak mot mål i Dei føderalt styrte stammeområda nordvest i Pakistan.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Medical and Physical Society of Bombay (1857). Transactions. Henta 17 March 2011. 
  2. «CIA drones quit one Pakistan site – but US keeps access to other airbases». The Bureau of Investigative Journalism. Henta 24 March 2013.