Jakobinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein jakobinar var ein medlem av den såkalla jakobinarklubben under den franske revolusjonen. Dei var yttarleggåande borgarlege revolusjonære, men samtidig skeptiske til innverknaden frå dei meir småborgarlege og folkelege sansculottane (dei utan knebukser, det vil seie med folkelege langbukser). Den mest kjende jakobinaren er Maximilien Robespierre, som styrte landet under den perioden som har vorte kalla skrekkveldet (La Terreur), 1793-1794.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.