Jaltsjiksjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jaltsjiksjøen
innsjø
Frozen Yalchik.JPG
Land Flag of Russia.svg Russland
Innsjøtype Karstsjø
Høgd over havet Store: 88.4 moh
Vesle: 89.8 moh
Areal Store Jaltsjik: 1,285 km²
Vesle Jaltsjik: 0,536 km²
Middeldjupn Store: 7,9 m
Vesle: 8,7 m
Volum Store: 10 439
Vesle: 2 580 m³
Kystlengd1 Store: 9,46 km
Vesle: 5,59 km
Koordinatar 56°00′40″N 48°24′30″EKoordinatar: 56°00′40″N 48°24′30″E
Øyar ingen
Byar Jaltsjevskij
Wikimedia Commons: Yalchik Lake
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Jaltsjik (russisk: Яльчик) er den største innsjøen i Mari El, og ligg i Marij Tsjodra nasjonalpark. Jaltsjik er viktig for turismen i regionen og fleire turistsenter ligg her. Han er lokalt kjend for det reine og varme vatnet.

Hydrologi[endre | endre wikiteksten]

Jaltsjik er eigentleg to innsjøar, Store og Vesle Jaltsjik, som er knytt saman av ein kanal som stundom vert tørr om sommaren. Vesle Jaltsjik ligg noko høgare enn Store Jaltsjik, men ein kan berre sjå straum i kanalen mellom dei under vårflaumen. Innsjøane har vokse gradvis på grunn av karstprosessar i området. Ei segn fortel at det låg ei eng der innsjøane i dag ligg, men at ho kollapsa slik at innsjøane vart danna. Den siste store kollapsen skjedde i 1914 og dette skapte ein tsunami-liknande flodbølgje. I botn er det to karstgrotter som er 1600 meter og 1200 meter lange.

Store Jaltsjik har ei kompleks form med mange viker, medan Vesle Jaltsjik har ei langstrekt form.

Vesle Jaltsjik har to små bekkar som renn ut i seg, medan Store Jaltsjik ikkje har nokon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]