James Bond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

James Bond, òg kjend som 007 er ein av verdas mest kjende heltefigurar og fiktive spionar. Han er skapt av forfattaren Ian Fleming i skyggen av den kalde krigen. Bond er spion for den britiske etteretningstenesta MI6, og sidan han vart introdusert i romanen Casino Royale i 1953, skreiv Ian Fleming totalt 14 bøker om Bond. Ian Fleming døydde i 1964 av hjarteanfall.

Bøkene om James Bond er òg filmatiserte og den fyrste filmen, Dr. No, kom på kinolerretet i 1962 med Sean Connery i hovudrolla. Til saman har det vorte spelt inn 22 filmar (der 20 er «offisielle») med James Bond som helt, den siste i 2002, Die Another Day. Bond har vore spelt av Sean Connery, George Lazenby, Roger Moore, Timothy Dalton og Pierce Brosnan i dei offisielle filmane, og også David Niven i ein parodiversjon av Fleming-romanen Casino Royale. I oktober 2005 vart det offentleggjort at skodespelaren Daniel Craig skal inneha Bond-rolla i neste film. Figuren Bond har i tillegg til dei 23 filmane òg vore grunnlaget for ein teikneserie med same namn, samt ei rekkje spinoff-produkt, til dømes dataspel.

1960-talet slo Bond-manien inn for alvor, og i Storbritannia samt USA måtte kinoane halde døgnope for å kunne mette det forventingsfulle og eventyrlystne publikumet. Goldfinger og Thunderball kan nemmast blant dei mest populære James Bond-filmane på sekstitalet. Som fylgje av denne enorme James Bond-interessa, vart det produsert tallause leiker og andre produkt med born som hovudmålgruppe. Dessutan fanst det James Bond-handklær, sengetøy, sko, klede og så bortetter.