Jan Askelund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Askelund
Nasjonalitet Norsk
Fødd 11. februar 1940 (79 år)
Haugesund
Yrke Lektor
Debut Haremunn 1940

Jan Askelund (fødd 11. februar 1940 i Haugesund)[1] er ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturkritikar.

Askelund er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk frå Universitetet i Oslo og har i tillegg studert dansk språk og litteratur ved Universitetet i Århus og gått pedagogisk seminar.[2] Han har arbeidd som lektor ved Bryne vidaregåande skule og St. Olav videregående skole i Stavanger.[2]

Han debuterte som forfattar i 1969 med diktsamlinga Haremunn 1940, og har sidan skrive fire diktsamlingar, tre romanar, ei sakprosabok og ei barnebok. I tillegg har han skrive artiklar for tidsskrift og årbøker og vore bokmeldar i Stavanger Aftenblad.[2]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 – Haremunn 1940 – diktsamling
  • 1972 – Diktlesing for alle – sakprosa
  • 1981 – Ruth Anne og dei – barnebok
  • 1984 – Klovnens sjeldne yrke – diktsamling
  • 1985 – Som alle veit – diktsamling
  • 1986 – Løva brøler i bushen – roman
  • 1987 – Silda kjem mannsterk igjen – roman
  • 1992 – Kameleonen er mitt dyr – diktsamling
  • 1993 – På intensiven – roman
  • 2003 – Gravferd – diktsamling

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Jan Askelund»». forfatterkatalogen.no. Henta 17. februar 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 ««Askelund, Jan»». Nettstaden til Haugesund Folkebibliotek. Henta 15. april 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]