Jan Herstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Herstad
Fødd4. desember 1958 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
VervOrdførar i Naustdal 1999–2007
FøregangarKjell Klopstad
EtterfylgjarHåkon Myrvang

Jan Magne Herstad (fødd 4. desember 1958) er ein norsk kommunepolitikar for Senterpartiet. Herstad vart første gong vald inn i kommunestyret i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane i 1995. Frå 1997 til 1999 var han leiar for Komiteen for landbruk, teknikk og miljø. I perioden 19992007 var Herstad ordførar i Naustdal.[1] Herstad er no inne i sin fjerde kommunestyreperiode, men måtte denne perioden overlate ordførarklubba til Håkon Myrvang frå Arbeidarpartiet. Herstad bur saman med kona på Birkeland i Naustdal. Dei har tre barn fødd i 1987,-90 og 94. Han er tankbilsjåfør i Tine og driv gardsbruk saman med kona. Har også styreverv i Fjord1, Fossheim Energi og Sunnfjord Energi og er engasjert som politisk rådgjevar i Engebøprosjektet hos Nordic Mining.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ordførarar i Naustdal kommune». Allkunne. Henta 10. juli 2017. 
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med politikk og Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.