Jarčina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jarčina (Јарчина)
elv
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 53 km
Kjelde Fruška Gora i Vojvodina (som Međeš)
Munning Sava ved Progar (som Progarska Jarčina-kanalen)

Jarčina (serbisk Јарчина) er eit system av elvar og kanalar i regionen Srem i provinsen Vojvodina i Serbia med ei total lengd på 53 km. Systemet munnar ut i elva Sava.

Den øvre delen av systemet er den 27 km lange, naturlege elva Međeš. Ho spring ut på austsida av fjellet Fruška Gora, 480 meter over havet. Ho renn sørover forbi Grgeteg kloster. Etter landsbyen Donji Petrovci mottar ho Šelovrnac frå høgre og går inn i eit kanalisert parti, 90 meter over havet. Kanalen deler seg først i to retningar, Jarkovačka Jarčina og Jarčina-Galovica. Sistnemnde renn vestover og ut i Sava ved landsbyen Jarak, aust for byen Sremska Mitrovica. Sistnemnde renn sørover 4 km og ved landsbyen Popinci kryssar han Galovica-kanalen ved landsbyen Prhovo.

Frå her vert den 22 km lange kanalen kalla Progarska Jarčina. Denne kanalen renn inn i Beograd-området og munnar ut i Sava ved landsbyen Progar, 70 meter over havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]