Jarle Vespestad
Utsjånad
| Jarle Vespestad | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 16. april 1966 (59 år) Jessheim |
| Yrke | jazzmusikar, komponist |
| Språk | norsk |
| Medlem av | Supersilent, Veslefrekk, Farmers Market, Trondheim Kunstorkester, Fossum-Aarum Quartet, Tord Gustavsen Quartet, Tord Gustavsen Trio, Tord Gustavsen Ensemble |
| Jarle Vespestad på Commons | |
Jarle Vespestad (fødd 16. april 1966) er ein norsk trommeslagar frå Jessheim. Han har delteke i ei rad prosjekt og samarbeid, mellom anna med Sigurd Køhn, Stian Carstensen, Silje Nergaard, Supersilent og Tord Gustavsen.
Vespestad har musikkutdanninga si frå Toneheim folkehøgskole (1987-88) og jazzlinja ved Trøndelag Musikkonservatorium, der han tok eksamen i 1990.
Han har vore med i desse musikkgruppene:
- Veslefrekk (1989 - 1997)
- Farmers Market (1991 - )
- Jazzmob (1998 - )
- Petter Wettre Trio (The Trio) (1995 - )
- Supersilent (1997 - )
- Tord Gustavsen Trio