Jenny Følling
Jenny Følling | |
![]() | |
Fødd | 19. mars 1962 (60 år) Bygstad |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar, konsulent |
Utdanna ved | Høgskulen i Volda Høgskulen i Sogn og Fjordane |
Jenny Følling (fødd 19. mars 1962) er ein norsk lokalpolitikar frå Senterpartiet. Følling vaks opp i Følling i Viksdalen og er utdanna agroteknikar.
Jenny Følling kom inn i kommunestyret i 1996, i formannskapet i 1999, og vart, som første kvinne, vald til ordførar i Gaular kommune i Sogn og Fjordane i 2003. Ho sat som ordførar fram til 2011, då ho vart fylkesvaraordførar for Sogn og Fjordane.
Følling har vore leiar både for KS sitt fylkesstyre for Sogn og Fjordane (2011-2015) og styret til Innovasjon Noreg si fylkesavdeling i Sogn og Fjordane. Følling har tidlegare hatt styreverv i Firda Billag, Sunnfjord Energi, Lutelandet Utvikling og Breibandforum. Ho er leiar i Stamvegutvalet E39, rådsmedlem i Husbanken region vest og sit i programkomiteen i Senterpartiet.
Følling har vore på fylkestinget sidan 2003. Frå 2011 til 2015 var Jenny fylkesvaraordførar, og i perioden 2015 til 2019 er ho vald til fylkesordførar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- NRK-blogg Storing på Storen: Budeiedotter på Holsnipa
- NRK Fylkesleksikon: Jenny Følling
- Store Norske Leksikon: Jenny Følling
- KS: Fylkesstyret i Sogn og Fjordane
- Firda 24.11.2011: Full splid rundt nytt Følling-verv
- Innovasjon Norge: Fylkesavdeling i Sogn og Fjordane.
- Firda 30.11.2011: Følling får endå eit mektig styreverv
- Sogn og Fjordane fylkeskommune: Fylkesordførarar
- Kvinnnestemmer frå Sogn og Fjordane: Jenny Følling
Denne politikkartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.