Jerma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerma
elv
Ermajuvet i Bulgaria
Land  Serbia,  Bulgaria
Lengd 74 km
Kjelde Nær innsjøen Vlasina i Serbia
Munning Nišava, nær Pirot i Serbia
Kart
Jerma
43°4′0″ N 22°41′7″ E
Wikimedia Commons: Erma

Jerma (serbisk kyrillisk Јерма) eller Erma (bulgarsk kyrillisk Ерма) er ei elv søraust i Serbia og vest i Bulgaria. Sjølv om ho ikkje er lengre enn 74 km er ho kjend for å krysse grensa mellom Serbia og Bulgaria to gonger. Ho munnar ut i elva Nišava, og er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet.

Elva har sitt utspring i det søraustlege hjørnet av Serbia, i det underutvikla og lite folkesette området Krajište, mellom den kunstige innsjøen Vlasina og den bulgarske grensa. Ho renn nordaustover og kryssa grensa til Bulgaria i eit område kalla Znepolje.

Ermadalen, sett frå landsbyen Jarlovo mot Rujfjellet i Bulgaria

I Bulgaria renn ho på austsida av fjellet Ruj, og elva skiftar her namn til Erma eller Transka reka etter den bulgarske landsbyen Tran. Etter ho passerer denne landsbyen renn ho gjennom juvet Transko zjdrelo (Tranjuvet), og møter like nedanfor den største sideelva si, Jablanitsa. Etter berre 26 km på den bulgarske sida, kryssar ho igjen grensa til Serbia. Her renn ho forbi fleire landsbyar og kloster før ho munnar ut i elva Nišava, søraust for Pirot. Elva har eit vasskraftpotensial, men dette er enno ikkje vorte utnytta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6