Jernsulfat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jernsulfat i pulverform.

Jernsulfat eller jernvitriol (FeSO4) er eit salt som er lysegrønt på utsjånad. Det er ikkje giftig og kan lett løyast i vatn. Rette kjemiske namnet på stoffet er jern(II)sulfat, der det romerske totalet marker ladinga til jernet, for å skilla det frå jern(III)sulfat.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Jernvitriol blir seld hos dei fleste større fargehandlarar. Stoffet er mykje brukt som beisemiddel i farging av garn med planter. Det gjer at gule fargar blir grågrøne, raude blir brune, og brune blir gråbrune eller svartbrune.

Jernvitriol kan også brukast til overflatebehandling av treverk. Nokre månader etter påføring vil treverket få ein brunleg til sølvgrå fargetone. Nytt panel må stå og tørka i 5-6 veker før påføring. Behandlinga gjer at treveggen kan stå ubehandla i årevis, men hindrer ikkje fukta i å kome inn i treverket. Beising med jernvitriol er derfor mindre eigna i slagregnområde.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.