Jerome Biffle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerome Biffle


Statsborgarskap USA
Fødd 20. mars 1928
Denver
Død

4. september 2002 (74 år)
Denver

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952

Jerome Cousins Biffle (20. mars 19284. september 2002) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd og død i Denver i Colorado, som vart olympisk meister i lengdehopp i 1952.

Biffle vart amerikansk studentmeister (NCAA) i lengde i 1950 med eit hopp på 7,74 meter. To år etter vart han nummer to, bakom Meredith Gourdine, i den USA-amerikanske uttakinga til Sommar-OL 1952 i Helsinki. Under leikane i Finland tok han leiinga i tredje omgang med eit hopp som målte 7,57 m, og vann gullmedaljen framom Gourdine som oppnådde 7,53 m.

Han arbeidde sidan som løpstrenar og ungdomsarbeidar ved den vidaregåande skulen i Denver som han sjølv hadde gått på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]