Jersey City
| Jersey City | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | New Jersey | ||
| Areal | 54,735593 km² | ||
| Folketal | 292 449 (1. april 2020)[1][2] | ||
![]() Jersey City 40°43′N 74°04′W / 40.71°N 74.06°W | |||
| Wikimedia Commons: Jersey City, New Jersey | |||
Jersey City er ein by i Hudson County i delstaten New Jersey i USA. Byen hadde 247 597 ibuarar i 2010, og er dermed den nest meste folkerike byen i New Jersey, etter Newark.[3] Han er administrasjonsstad for Hudson County, der han er den største byen.[4]
Jersey City er ein del av metropolen New York City. Byen ligg tvers overfor nedre Manhattan, mellom Hudson-elva og indre luten av New York-bukta i aust og med Hackensack-elva og Newark-bukta i vest. Hamnebyen Jersey City er, med sine 18 kilometer sjøline og omfattande jarnbanenett, ein viktig transport-terminal. Frå langt tilbake har byen vore kjend for sin stålindustri og sin kjemiske industri, viktig for aktiviten på hamnene i New York og i New Jersey. Service-næringar har spela ei framståande rolle i fornyinga av hamnekvartera og for framveksten av ein av dei største downtowns i landet.
Folketalet i Jersey City nådde toppen med 316 715 ved folketeljinga 1930. Dei neste femti åra sokk folketalet til det nådde botnen med 223 532 i 1980. Sidan har folketalet stige, største var tilveksten i 1900-åra. Ved folketeljinga i 2020 hadde byen 292 449 innbyggjarar.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.nj.gov/labor/lpa/census/2020/2020%20pl94%20Tables/2020_Mun/popARH%20MCD%20Cen20-Cen10.xlsx. Henta 22. januar 2022.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp) - ↑ United States Census Bureau (red.). «folketeljinga i USA 2020». Henta 1. januar 2022.
- ↑ The Counties and Most Populous Cities and Townships in 2010 in New Jersey: 2000 and 2010 Arkivert 21. februar 2011 ved Wayback Machine., United States Census Bureau. Vitja 7. november 2011.
- ↑ New Jersey County Map, New Jersey Department of State. Accessed July 10, 2017.
- ↑ «United States Census Bureau QuickFacts Jersey City, New Jersey». United States Census Bureau QuickFacts.
{{cite web}}: CS1 maint: url-status (link)
- Denne artikkelen bygger på «Jersey City» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2013.
