Jesus' Blood Never Failed Me Yet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jesus' Blood Never Failed Me Yet
Song av Gavin Bryars
Sjanger Minimalisme
Lengd 25 til 74 minuttar
Komponist Gavin Bryars
Låtskrivar(ar) ukjend

Jesus' Blood Never Failed Me Yet er ein komposisjon frå 1971 av Gavin Bryars basert på ei lydbandsløyfe av ein ukjend, heimlaus mann som syng ei kort, improvisert[1] strofe.[2] Rike harmoniar i form av strykarar og blåsarar vert gradvis lagt over denne strofa. Opptaket vart gjort i høve ein dokumentarfilm om gatelivet i og kring Elephant and Castle og Waterloo i London. Då Bryars seinare lytta til innspelingane la han merke til at klippet var i same tonehøgd som pianoet hans, og det enkelt let seg lage om til ei sløyfe på 13 taktar.[3] For den første LP-plata var han avgrensa til eit stykke som varte 25 minutt, men han laga seinare ein 60 minuttar versjon av stykket for kassett, før han til slutt laga ein 74 minuttar lang versjon for CD. I 1993 vart stykket nominert til Mercuryprisen.

Bryars sa:

I 1971, då eg budde i London, arbeidde eg med ein ven, Alan Power, på ein film om folk som levde eit hardt liv kring Elephant and Castle og Waterloo Station. Medan dei vart filma vart det enkelte fulle folk som braut ut i song - stundom bitar av opera, stundom sentimentale balladar - og ein mann, som faktisk ikkje var full, song den religiøse songen «Jesus' Blood Never Failed Me Yet». Dette vart til slutt ikkje nytta i filmen og eg fekk alle dei ubrukte lydbanda, inkludert denne.
Eg spelte han då eg kom heim og la merke til at synginga var i same tonehøgd som pianoet mitt, så eg improviserte eit enkelt akkompagnement. Eg la òg merke til at den første delen av songen - 13 taktar lang - danna ein effektiv loop som repeterte på ein lett, uføreseieleg måte. Eg tok lydbandsløyfa til Leicester, der eg arbeidde i Fine Art Department, og kopierte sløyfa til eit kontinuerleg lydband, og tenkte på å leggje til eit orkesterarrangement oppå dette. Døra til innspelingsrommet opna ut til eit stort måleristudio, og då eg gjekk for å hente meg ein kopp kaffi, stod døra open. Då eg kom attende var det vanlegvis så livlege rommet uvanleg stille. Folk gjekk rundt mykje meir langsamt enn vanleg, og enkelte sat aleine og gråt i det stille.
Eg lurte veldig på kva det var som gjekk føre seg, før eg forstod at det var lydbandet som framleis spelte og at dei hadde blitt overvelda av den gamle mannen som song. Dette overtydde meg om den kjenslemessige krafta i musikken og mogelegheitene eit enkelt, men gradvis utviklande orkesterarrangement som respekterte den noble og enkle trua til denne heimlause mannen. Sjølv om han døydde før han kunne høyre kvar eg hadde gjort med synginga hans, står stykket att som eit uttrykksfylt, men nedtona vitnesbyrd om anda og optimismen hans.[4]

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Den originale 25-minuttar lange versjonen av stykket vart først framført i Queen Elizabeth Hall i desember 1972 og spelt inn for selskapet til Brian Eno, Obscure i 1975. I 1990 spelte ensemblet til Gavin Bryars inn ein 60 minuttar lang versjon, i eit restaurert vasstårn i Bourges i Frankrike, for Les Disques du Crepuscule. Ein 74 minuttar lang versjon vart spelt inn i 1993 i lag med Tom Waits som syng i lag med originalinnspelinga. I 2019 gav Gavin Bryars ut eit 25 minuttar langt konsertopptak, i lag med dei fire barna hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Presenter: Janina Ramirez; Producer: Jerome Weatherald (10. april 2019). «Composer Gavin Bryars, Isabella Hammad, Opera singers sing pop». Front Row. 6:20 minutt frå start. BBC. BBC Radio 4. Henta 3. mai 2019. 
  2. Schaefer, John. New Sounds: A Listener's Guide to New Music. Harper & Row, 1987. 59. ISBN 0-06-055054-6
  3. Howse, Christopher. "The Assurance of Hope". Continuum International Publishing Group, 2006. xix. ISBN 0-8264-8271-6
  4. Bryars, Gavin. «Jesus' Blood Never Failed Me Yet». Arkivert frå originalen 10. august 2012. Henta 20. september 2020.