Joachim Birger Nilsen
Joachim Birger Nilsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juni 1993 (31 år) |
Yrke | sjakkspelar |
Joachim Birger Nilsen (fødd 2. juni 1993) er ein norsk sjakkspelar og sjakktillitsvald. Han vart FIDE-meister i sjakk i 2014 og Internasjonal Meister i sjakk (IM) frå mars 2017. Joachim Birger Nilsen vart vald til president i Norges sjakkforbund 10. juli 2022.[1] Han trekte seg som president 7. oktober 2022, etter det kom fram at han hadde juksa under ei sjakkturnering på nettet i 2016.[2][3]
Internasjonal Meister i sjakk
[endre | endre wikiteksten]Han Joachim B. Nilsen tok sitt første IM-napp med 6 poeng på 9 runder i IM-gruppa i TV2 International på Fagernes i påska 2016.[4] Han tok deretter eit IM-napp i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk i Tromsø i juli 2016, med 5,5 poeng på dei 8 første rundane. Det hadde deretter ikkje noko å seie at han tapte siste runde.[5] Det tredje og avgjerande IM-nappet kom i Øbros Jubileumsturnering i oktober 2016, med 6,5 poeng på 9 rundar.[6] Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han allereie pr. 1. februar 2015 med 2417.[7] Han vart utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet ved beslutning publisert 3. mars 2017.[8]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Litt fra NSFs kongress 2022 – Bergensjakk», bergensjakk.no, henta 9. mai 2024
- ↑ Bryne, Lars (6. oktober 2022), «Sjakkpresident Joachim Nilsen innrømmer å ha jukset», NRK (på norsk bokmål), henta 9. mai 2024
- ↑ «Joachim B. Nilsen trer av som president – Bergensjakk», bergensjakk.no, henta 9. mai 2024
- ↑ Resultatet frå TV2 International Fagernes 2016
- ↑ Resultatet frå Eliteklassa i NM i sjakk Tromsø juli 2016
- ↑ Mattogpatt om Joachim B. Nilsen sitt resultat og IM-tittel.
- ↑ Søknaden om IM-tittel for Joachim B. Nilsen frå Norges Sjakkforbund
- ↑ FIDE si liste over nye titteltildelingar 3. mars 2017