Joan Didion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joan Didion

Statsborgarskap USA
Fødd 5. desember 1934
Sacramento Sjå dette på Wikidata
Død

23. desember 2021 (87 år)
Manhattan Sjå dette på Wikidata

Yrke manusforfattar, romanforfattar, journalist, skribent, essayist
Medlem av American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences
Ektefelle John Gregory Dunne Sjå dette på Wikidata
Prisar National Humanities Medal, George Polk Award, Prix Médicis essai, California Hall of Fame, St. Louis Literary Award, National Medal of Arts, American Academy of Arts and Letters Gold Medals, Edward MacDowell Medal, Los Angeles Times Book Prize, Ambassador Book Award, National Book Award, Evelyn F. Burkey Award
Joan Didion på Commons

Joan Didion (5. desember 193423. desember 2021) var ein amerikansk forfattar og journalist. Ho blei rekna for å vere ein av dei største samtidsforfattarane i USA, og er blitt omtalt som førstedame i amerikansk journalistikk.[1] Ho skreiv fleire romanar, filmmanus og sjølvbiografiske verk, og var kjend for evna si til å gjere det personlege universelt.[2]

Mest kjend er ho vorten som ein av representantane for den såkalla New Journalism-sjangeren som blei danna på 1960–1970-talet, der ein tok i bruk skjønnlitterære verkemiddel i sakprosa. Det var ein metode som fleire andre forfattarar nytta seg av, blant andre Truman Capote, Norman Mailer, Hunter S. Thompson og Tom Wolfe.[3] Sistnemnde gav i 1973 ut antologien The New Journalism, der Didion sin tekst Some Dreamers of the Golden Dream – først publisert i The Saturday Evening Post[4] i 1966, seinare i boka Slouching Towards Betlehem[5] – er blant døma på det Wolfe altså kalla New Journalism.[6]

I 2017 blei Didion portrettert i Netflix-dokumentaren The Center Will Not Hold, regissert av nevøen Griffin Dunne.[7]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Run, River (1963)
  • Play It as It Lays (1970)
  • A Book of Common Prayer (1977)
  • Democracy (1984)
  • The Last Thing He Wanted (1996)

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Slouching Towards Bethlehem (1968)
  • The White Album (1979)
  • Salvador (1983)
  • Miami (1987)
  • After Henry (1992)
  • Political Fictions (2001)
  • Where I Was From (2003)
  • Fixed Ideas: America Since 9.11 (2003; forord av Frank Rich)
  • Vintage Didion (2004; utvalgte utdrag av tidlegare arbeid)
  • The Year of Magical Thinking (2005). Norsk omsetting av Halvor Kristiansen De magiske tankers år (2007)
  • We Tell Ourselves Stories in Order to Live: Collected Nonfiction (2006)
  • Blue Nights (2011)
  • South and West: From a Notebook (2017)

Filmmanus[endre | endre wikiteksten]

  • The Panic in Needle Park (1971)
  • Play It as It Lays (1972) (basert på romanen hennar)
  • A Star Is Born (1976)
  • True Confessions (1981)
  • Up Close & Personal (1996)
  • As it Happens (2012) (med Todd Field)

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • The Year of Magical Thinking (2007) (basert på boka med same tittel)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Joan Didion», Tiden Norsk Forlag (på norsk), henta 28. juli 2019 
  2. The Obama White House (10. juli 2013), President Obama Awards the 2012 National Medals of Arts and Humanities, henta 28. juli 2019 
  3. W, Fredrik; rup (25. mai 2018), «Tom Wolfe fyrte av det språklige kruttet som han kalte nyjournalistikk», Dagbladet.no (på norsk), henta 28. juli 2019 
  4. «The Saturday Evening Post». Wikipedia (på engelsk). 25. juli 2019. 
  5. «Slouching Towards Bethlehem». Wikipedia (på engelsk). 15. mars 2019. 
  6. «The New Journalism». Wikipedia (på engelsk). 22. mai 2019. 
  7. Wilkinson, Alissa (25. oktober 2017), «Joan Didion is more interesting than the new Netflix documentary about her», Vox, henta 28. juli 2019