Johann Nestroy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Nestroy

Statsborgarskap Keisardømet Austerrike
Fødd 7. desember 1801
Wien
Død

25. mai 1862 (60 år)
Graz

Yrke skribent, skodespelforfattar, diktarjurist, teaterskodespelar, operasongar, satiriker, lyrikar, skodespelar
Johann Nestroy på Commons

Johann Nepomuk Nestroy (7. desember 180125. mai 1862) var ein austerriksk dramatikar, skodespelar og songar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Nestroy var fødd i Wien. Etter debut som songar og skodespelar ved ulike scenar blei han etterkvart best kjend som komikar. Frå 1831 verka han i Wien, der hans store suksessar leda han fram til ein post som sjef for Carl-Theater 1854-60. Frå 1827 var han òg litterært verksam. Han skreiv og omarbeidde eit 80-tals skodespel til repertoaret sitt, som omfatta folkeleg realistiske lystspel som Lumpacivagabundus (1833; fritt omsett til svensk av Fran Hodell 1865 som Andersson, Pettersson och Lundström) og Freiheit inn Krähwinkel (1848), parodiar (mellom anna på verk av Friedrich Hebbel og Ferdinand Raimund) og dessutan lokalaktuelle songspel som Wiener Possen. Dei samla verka til Nestroy er blitt gjevne ut i fleire opplag, mellom anna 1924-30 i 15 band med biografi av Otto Rommel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]