Hopp til innhald

Jóhanna Sigurðardóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Johanna Sigurdardottir)
Jóhanna Sigurðardóttir

Fødd4. oktober 1942 (82 år)
Reykjavík
Statsborgar avIsland
Yrkepolitikar, kabinpersonale
Utdanna vedCommercial College of Iceland
EktefelleJónína Leósdóttir
VervStatsminister på Island 2009-2013
FøregangarGeir Haarde
EtterfylgjarSigmundur Davíð Gunnlaugsson
Alle verv
  • Islands statsminister (2009–2013)
  • medlem av Alltinget
  • Islands sosialminister (2007–2007)
  • medlem av Alltinget 2009–2013 (2009–2013)
  • medlem av Alltinget 2007–2009 (2007–2009)
  • Islands sosialminister (1987–1994)
  • Islands velferdsminister (2008–2009) Sjå dette på Wikidata

Jóhanna Sigurðardóttir[a] (fødd 4. oktober 1942) er ein islandsk politikar, aktiv i partiet Samfylkingin. Ho var islandsk statsminister frå 1. februar 2009 til 23. mai 2013. Ho har vore medlem av Alltinget frå 1978, og var sosialminister frå 1987 til 1994. Ho var på nytt sosialminister frå 24. mai 2007 fram til ho vart statsminister.

Jóhanna Sigurðardóttir vart den første kvinnelege statsministeren på Island, og den andre ope homofile regjeringssjefen i verda (etter Per-Kristian Foss som vikarierte for Kjell Magne Bondevik i 2002).

  1. Uttalt [jouːhanːa 'sɪːɣʏrðartouʰtɪr]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]