Johannes H. Berg jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes H. Berg jr.
Fødd 23. september 1956
Død

29. april 2004 (47 år)

Yrke skribent

Johannes Henrik Berg jr. (23. september 195629. april 2004) var ein norsk science fiction- og fantasy-fandom-entusiast, foreningsgrunnleggjar, kongressorganisator, fanzine-forfattar og tolkienomsetjar.

Han var spesielt ein hjørnestein for norsk science fiction- og fantasy-fandom frå 1970-talet, med science fiction-foreininga Aniara i Oslo, og fram til han døydde av leverkreft i 2004. Han var svært aktiv i nordisk fandom-miljø. Han organiserte og deltok på SF/F-arrangement over ein periode på meir enn 25 år. Berg var au ein høgt verdsett grunnleggjar og medlem av tolkienforeninga i Noreg, Arthedain, og han omsette boka Trær og blader (originaltittel Leaf by Niggle) av Tolkien til bokmål. Han fungerte au som konsulent for tekstinga av Ringanes Herre-filmane.

I tillegg til interessa for science fiction og fantasy var han ein sentral skikkelse i rolle- og brettspelforeininga Ares i Oslo. Som omsetjar av grunnsettet til Dungeons & Dragons til norsk var han viktig for starten på rollespel i Noreg.

Til dagleg arbeidde han på Norsk Teknisk Museum med undervising og omvising. Han arbeidde òg med ei hovudoppgåve i historie, om historia til det norske flagget.

Utgjevingar eller medverknad[endre | endre wikiteksten]

  • Det norske flagget av 1821 Artikkel i Øystein Sørensen (red.): Jakten på det norske: Perspektiver på utviklingen av en norsk nasjonal identitet på 1800-tallet. Oslo, 1998, Ad Notam Gyldendal, ISBN 82-417-0952-8
  • J.R.R. Tolkien : et forfatterportrett, Oslo 1995.
  • Medredaktør: Kaleidoskop : utvalgte science fiction noveller. Oslo : Bok og magasinforlaget : Bokklubben Nova, 1991. ISBN 82-90387-26-1
  • Redaktør: Nye stjerner : science fiction antologi, Oslo : Bok og magasinforlaget, 1988. ISBN 82-90387-16-4
  • Redaktør og omsetjar: Jordboere : science fiction antologi Oslo : Bok og magasinforlaget : Bokklubben Nova, 1985. ISBN 82-90387-11-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]