John Cleveland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Cleveland
John Cleveland.jpg
Fødd 16. juni 1613
Loughborough
Død

29. april 1658
London

Yrke lyrikar, forfattar, skribent
John Cleveland på Commons

John Cleveland (16. juni 161329. april 1658) var ein engelsk diktar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Cleveland skreiv kjærleiksdikt og forfatta lovprisingar og politiske satirar både på prosa- og verseform. I 1644 kom den første boka hans, The Character of a London Diurnall, eit spotteskrift mot ein forløpar for moderne aviser som kom ut i London. Cleveland skreiv etter det to satiriske prosatekster til: ein om offentleg tilsette som beslagla adelsgods og ein om forfattarane av dei nemnde avisene, Diurnals.

Stil[endre | endre wikiteksten]

I dikta sine nytta Cleveland ofte uvanlege språkbilete, såkalla conceits. Desse er typiske for den metafysiske poesien, som lyrikken hans blir rekna til. Typisk er ulike overraskande samanlikningar som kjem i rask rekkefølgd, markante opningsfraser og uvanlege og lange ord. Strofene i eit rimpar dannar saman ofte ei utsegn av epigramliknande pregnans og ironi. Eit døme frå diktet The Rebel Scot:

Had Cain been Scot, God would have chang'd his doome,
Not forc'd him wander, but confin'd him home.

«Hadde Kain vore skotte ville Gud ha endra lagnaden hans:
ikkje til å vandre, men til å bli att heime.»

I satirane angreip Cleveland dei som kritiserte monarkiet, kyrkja, universiteta, og etablissementet i det store og heile. Han gjorde det med stort vidd, men òg med overdriving og polemikk.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange uautoriserte diktsamlingar, men her er dei prosatekstane som Cleveland autoriserte, og ei moderne, kritisk utgåve:

  • The Character of a London Diurnall. Oxford: Lichfield 1644.
  • The Character of a Country Committee-man, with the Earmark of a Sequestrator. London 1649.
  • The Character of a diurnal-maker. London 1654.
  • The Poems of John Cleveland. ed. by Brian Morris and Eleanor Withington. Oxford: Clarendon Press 1967.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Daniel P. Jaeckle: John Cleveland. I: Dictionary of Literary Biography, Bd. 126, hg. v. M. Thomas Hester. Detroit: Gale 1993, s. 62-70.