John Glenn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Glenn
John Glenn Low Res.jpg
Fødd 18. juli 1921
Cambridge
Død

8. desember 2016
The James Cancer Hospital

John Glenn på Commons
John Glenn
Foto: NASA

John Herschel Glenn Jr. (18. juli 19218. desember 2016), var ein USA-amerikansk astronaut og politikar.

Glenn studerte realfag ved Muskingum College og fekk flygarutdanning i marinen i 1942. Han vart offiser i US Marine Corps i 1943, og var aktiv pilot under den andre verdskrigen og Koreakrigen. I 1959 vart John Glenn utvald som astronaut som ein av dei første sju «Mercury Seven» astronautane som vart plukka ut av NASA til det amerikanske Mercury-programmet.

Den 20. februar 1962 vart John Glenn den første amerikanaren i bane rundt jorda, i romfartøyet «Friendship 7». John Glenn vart etterpå konsulent hjå NASA fram til 1965. I november 1974 vart han vald til senator frå Ohio. Han vart attvald i 1980, 1986 og 1992. Den 29. oktober 1998 var Glenn, i ein alder av 77 år, med romferja DiscoverySTS-95-ferda, og vart såleis den eldste romfararen nokonsinne.