Hopp til innhald

Jon Inge Høiland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Inge Høiland


StatsborgarskapNoreg
Fødd20. september 1977 (48 år)
Lillehammer kommune
Idrettfotball

Jon Inge Høiland (fødd 20. september 1977) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Fåberg i Oppland. Han var forsvarsspelar og deltok i 25 landskampar. Høiland spelte oftast høgreback, tidvis var han også stoppar.

Høiland seriedebuterte med Faaberg IL i 1994 på nivå 3. Tidleg i august 1995 skreiv han kontrakt med Bryne FK på nivå 2. Sesongane 1997 og -98 spelte han for eliteserielaget Kongsvinger IL. Åra 1999-2002 var han aktiv i svenske IFK Göteborg. Deretter gjorde han teneste i Malmö FF frå 2003 til 2007. I siste serieomgang i Allsvenskan 2004 vart Høiland den store helten då han, etter målvakta stoppa eit Malmö-straffespark, var frampå og sette returen i mål. Malmö vann kampen 1-0 og og vart allsvensk meister. Vårsesongen 2006 spelte han på tyske FC Kaiserslautern, ein klubb som rykte ned or bundesligaen.

I august 2007 vart Høiland overført til Stabæk IF. Året etter var han med om å vinne klubbens einaste seriegull i fotball for menn. Etter at treårs-kontrakten gjekk ut, var han Rosenborg-spelar 2011-13. I 2014 spelte Høiland ein siste sesong på toppnivå, atter med Stabæk IF.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Høiland deltok i 25 landskampar. Han debuterte 22. januar 2004 og spelte siste kampen den 29. mai 2010. 1. april 2009 skåra han eitt av måla då Noreg vann med 3 mot 2 over Finland.

  • Svensk seriemeister: 2004 med Malmö FF
  • Norsk seriemeister: 2008 med Stabæk IF