Jon P. Enlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon P. Enlid
Nasjonalitet Norsk
Fødd 15. april 1913
i Budal
Død

22. januar 1983 (69 år)
i Budal

Yrke Gardbrukar, forfattar
Periode 1969-1983
Debut Utkantgrend

Jon Pedersen Enlid (15. april 191322. januar 1983)[1] var ein norsk diktar og gardbrukar frå Budal i Trøndelag.[2]

Enlid debuterte som forfattar i 1969 med diktsamlinga Utkantgrend. Før det hadde han hatt småstykke, dikt, artiklar og forteljingar på trykk i ulike blad, aviser og julehefte og medverka i antologiane Trøndsk lyrikk 1966 og 1967.[2] Han arbeidde på farsgarden frå konfirmasjonsalderen og tok sjølv over garden frå kring 1950. Attåt gardsarbeidet hadde han fleire kommunale verv og var mellom anna formann og sekretær i skulestyret, og sat òg i kommunestyret og formannskapet.[2][3]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 – Utkantgrend – Diktsamling
  • 1977 – Grend – Diktsamling
  • 1985 – I Morgedalane – Diktsamling

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gravstener på Budal kirkegård». folk.ntnu.no. Henta 28. februar 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Jon P. Enlid (1969). Utkantgrend. Trondheim: Rune forlag. s. Bakomslaget.  [Vaskesetelen]
  3. «Jon Pedersen Enlid». larsenplass.com. Henta 28. februar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]