Jordskjelvet i Gediz i 1970

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 39°12′ N 29°30′ E
Jordskjelvet i Gediz i 1970
jordskjelv
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Koordinatar 39°12′ N 29°30′ E
Dato 28. mars 1970
 - Tid 23:05[1]
Styrke 7.2 Mw[1]
Drepne og såra 1086 døde, 1260 skadde[1]
Turkey relief location map.jpg
Locator Red.svg

Jordskjelvet i Gediz i 1970 var eit jordskjelv med styrke 7,2 Mw som råka vestlege Tyrkia den 28. mars 1970 kring 23:05 lokal tid.[1]

1 086 menneske mista livet og 1 260 vart skada, og mange tusen vart heimlause i Gediz,[1] 98 km søraust for Kütahya.[2] Mange menneske mista livet i brannar som starta i velta vedomnar.

Byen Gediz, som ofte hadde vore råka av både jordskjelv og flaum, vart etter dette flytta 7 km langs vegen mot Uşak og bygt opp under namnet Yeni Gediz (tyder Ny Gediz).

Gediz var tidlegare råka av store jordskjelv i 1866 og 1896. Den 25. juni 1944 kl. 07:20 vart Gediz råka av eit jordskjelv på 6,0 momentmagnitude som tok livet av 20 menneske og øydela 3500 bygningar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Kütahya Gediz İlçesi-1970 Gediz Depremi» (på tyrkisk). Kültür Sanat. Henta February 17, 2009. 
  2. «Gediz» (på tyrkisk). Kütahya Tanıtım. Henta February 17, 2009.