Jordvassmyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jordvassmyr, minerogen myr eller minerotrof myr er myr som får tilført vatn både frå nedbør og grunnvatn som har vore i kontakt med mineraljord. Gjennom tilførselen av minerogent vatn får jordvassmyrane tilført meir næringsstoff enn reine nedbørsmyrar. Jordvassmyrar kan derfor vera botanisk rike myrar, men dei kan også vera mindre artsrike. Dette kjem an på næringsinnhaldet i grunnen dei ligg på.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Våtmark og myr - dei mest truga naturtypane våre». miljolare.no. Henta 25. august 2018.