Jorunn Bjørgum
Jorunn Bjørgum | |||
Fødd | Jorunn Hagen 22. januar 1942 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | historikar, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Jorunn Bjørgum (fødd 22. januar 1942 som Jorunn Hagen) er ein norsk historikar. Ho er tidlegare professor i historie ved Universitetet i Oslo, og har vore instituttstyrar ved Historisk institutt (2000–2003) og det sammenslåtte Institutt for arkeologi, konservering og historie (2005–2008).[1] Forskinga hennar har konsentrert seg om historia til arbeidarrørsla. Frå 2012 er Bjørgum pensjonist.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Bjørgum vart cand. philol. ved UiO i 1968 med historie hovedfag og engelsk og fransk mellomfag. Ho arbeidde i Norsk Kjemisk Industriarbeidarforbund 1969–1971 og var stipendiat, vitskapleg assistent og amanuensis ved Historisk institutt ved UiO i perioden 1972–1980. Ho var frå 1981 til 1998 førsteamanuensis same stad og vart professor i historie i 1999. Ho vart dr. philos. i 1996, med avhandlinga Martin Tranmæl og radikaliseringen av norsk arbeiderbevegelse 1906–1918[2] (utgjeve på nytt i 1998). Ho har vore gjesteforskar ved University of Pittsburgh (1988–1990), og har gjesta Stockholms universitet og Södertörns högskola (1997–1998).
Som instituttstyrar var Bjørgum involvert i konflikten med professor Arnved Nedkvitne, som førte til avskjedssaka mot han.[3]
Jorunn Bjørgum er syster av Carl I. Hagen.[4] Faren Ragnar Hagen (1908–69) var disponent. Ho er opphavleg frå Røa.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Bjørgum mottok Eilert Sundt-prisen for 2006.[5]
Publikasjonar
[endre | endre wikiteksten]- Venstre og kriseforliket. Landbrukspolitikk og parlamentarisk spill 1934-1935. (1970, 2. utg. 1978)
- Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund gjennom 50 år (1973)
- 1998 – Martin Tranmæl og radikaliseringen av norsk arbeiderbevegelse 1906-1918 I fulltekst ved nb.no
- Da Høire parerte ordre. Høyre og voldgiftsloven av 1927 Historisk tidsskrift 1987 66: 1-27
- Syndikalismen i Norge. Historisk tidsskrift 1998 77: 31-50
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Jorunn Bjørgum - Institutt for arkeologi, konservering og historie», www.hf.uio.no (på norsk), henta 17. september 2019
- ↑ http://www.hf.uio.no/forskning/dok-disp/d-navn/bjorgum.htm[daud lenkje]
- ↑ «UiO på tiltalebenken - Uniforum», www.uniforum.uio.no (på norsk), henta 17. september 2019
- ↑ http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=949 [daud lenkje]
- ↑ «Eilert Sundt-prisen 2006 til Jorunn Bjørgum». 28. mars 2007. Arkivert frå originalen 31. august 2007. Henta 13. januar 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Jorunn Bjørgum» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Publikasjonar av Jorunn Bjørgum i BIBSYS
- Publikasjonar av Jorunn Bjørgum i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin