Hopp til innhald

Joseph Haydn sine ouverturar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hoboken-Verzeichnis, den vitskaplege katalogen over Joseph Haydn sine verk, kategoriserer ouverturar som kategori Ia, for å vise slektskapen med symfonien. Dei fleste av verka i denne kategorien er ouverturar som høyrer til ein opera av Haydn, eller andre sceneverk; berre eit fåtal ser ut til å vere frittståande verk, og ein kan ikkje seie sikkert at desse ikkje høyrde til eit større verk, der berre ouverturen er overlevert.

Kategorien er, i motsetnad til nærast alle andre i Hoboken-Verzeichnis, ikkje kategorisert etter komposisjonsår, men toneart. Sidan komposisjonsåra til dei fleste verka allereie var kjend syner dette kanskje meir enn noko at desse verka har vore sett på som relativt lite viktige i Haydn-resepsjonen; dei få verka som ikkje høyrer til ein opera er vanskelege å finne spela inn.

NummerKomposisjonsårToneartKommentar
Ia:11769-73CTilsynelatande eit frittståande verk
Ia:21774CFrå oratoriet Il ritorno di Tobia, XXI:1
Ia:31794?CFrå operaen L'Anima del Filosofo, XXVIII:14
Ia:4Før 1775DTilsynelatande eit frittståande verk
Ia:51762DFrå operaen Acide e Galatea, XXVIII:1
Ia:61775DFrå operaen L'incontro improvviso, som var ukjend for Hoboken, og difor ikkje har noko nummer.
Ia:71777DAlternativ finale til symfoni nr. 53
Ia:7bis1777DEin forvrengd utgåve av Ia:7, som likevel er forma som har vore mest brukt
Ia:81773FFrå marionettoperaen Philemon et Baucis, XXIX:2
Ia:9UkjendEbMeint autentisk av Hoboken (ein trudde lenge at Haydn hadde skrive scenemusikk til Kong Lear), men har seinare vist seg å vere av W. G. Stegmann.
Ia:101769GFrå operaern Lo Speziale, XXVIII:3. Hoboken ser ut til å meine at det var to ulike utgåver av ouverturen, men dette har ein forkasta i den nye Haydn-utgåva.
Ia:111780GFrå operaen La Fedeltà Premiata, XXVIII:10
Ia:121777GmFrå operaen Il Mondo della Luna, XXVIII:7
Ia:131779GmFrå operaen l'Isola disabitata, XXVIII:9
Ia:141783HFrå operaen Armida, XXVIII:13
Ia:151777HFrå operaen La vera Costanza, XXVIII:8
Ia:161782HFrå operaen Orlando Paladino, XXVIII:13

I tillegg til dei autentiske verka la Hoboken til verk som har vore tileigna Haydn, men som han rekna som tvilsame, tolkingar ettertida i stor grad har gjeve han rett i. Bokstaven som blir lagt til i Hoboken-formelen kjem frå verket sin toneart:

NummerKommentar
Ia:C1
Ia:C2
Ia:D1Ouverture til ein ukjend opera, «L'Amor Soldato» (den kjære soldat) tileigna Haydn. Librettoen er kjend frå fleire verk, men det er ikkje noko som tydar på at Haydn nokon gong nytta han.
Ia:D2
Ia:D3
Ia:D4Ouverture som fyrst dukka opp på midten av 1800-talet. Verket avsluttast med ein korsats, og er difor ikkje rekna som autentisk.