Jul i Trøndelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jul i Trøndelag er eit nynorsk julehefte som har vorte utgjeve sidan 1935.[1] Utgjevar er Trønderlaget, ei samanslutning av mållaga i Trøndelag sør for Namdalen. Opplag i 2012 er 4000.

Kjende skribentar skriv jamsides debutantar som prøver seg for første gong. Ander Moe-Rognhaug sat som redaktør i 27 år. Han skreiv mykje i bladet, og hadde mange illustrasjonar. I dag er Espen Tørset redaktør (2017).

Heftet vert seld av lokale mållag og lokale bokhandlarar.

Jul i Trøndelag var òg namnet på eit julehefte som vart utgjeve av Trondhjems Typografiske Forening 1921-1929.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nasjonalbiblioteket
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.