Hopp til innhald

Kärdla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kärdla
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Estland
Fylke Hiiu maakond
Areal 4,53 km²
Folketal 2 921 (1. januar 2024)[1]
Kart
Kärdla
58°59′40″N 22°45′00″E / 58.994444444444°N 22.75°E / 58.994444444444; 22.75
Wikimedia Commons: Kärdla

Kärdla er den største byen på øya Hiiumaa i Estland og hovudstad i Hiiu maakond.

Kärdla (etter det opphavlege svenske namnet Kärrdal) ligg på nordaustkysten av Hiiumaa, ved Tarestebukta (Tareste laht) (svensk Tarrasviken). Søraust for byen ligg Kärdla-krateret, som er 455 millionar år gammalt. Fleire små elvar renn gjennom byen. Her finst òg ein artesisk brønn.

Kärdla vart først nemnd i 1564 som ein landsby busett av svenskar. Han blømde då det vart opna ein tekstilfabrikk her i 1830. Ei hamn vart bygt i 1849. Både hamna og fabrikken vart øydelagd under den andre verdskrigen. Kärdla vart offisielt ein kommune i 1920 og ein by i 1938.

Kjende folk

[endre | endre wikiteksten]

Komponisten Erkki-Sven Tüür vart fødd i Kärdla.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kärdla